Sundagen er fyrste dagen i veka og er Herrens dag. Rota ber treet. Morgonen skaper dagen. Barnet skaper mannen. Og sundagen skal prege vekedagane. Slik må det vere. «First thing first.»
Slik også i Guds rike og kristenlivet. Gjennom heile kyrkjehistoria har funnast ei lojalitets-knipe mellom aktivt kristenliv og kontemplativt. Om denne knipa fortalde dei fyrste kristne forteljinga om Marta og Maria.
Ikkje for å irettesetje korkje dei aktive eller dei kontemplative. Men sjølv om mange ting er viktige, må det alltid vere ’first thing first’. Den diakonale systra Marta stilte viljug opp. Jesus let henne. Men han tillet ikkje at ho klandrar Maria si prioritering.
Når Maria-typen og Marta-typen truande kjem i klammeri med kvarandre, skal vi merke oss at Jesus gjer seg flid med å rydde plass for den fyrste. Kristne får sitje ved Herrens føter og vere unyttige.