Fest i Guds hus

Gud inviterer. Det er fest i Guds hus.

Festen startar her og no. Kvar sundag lyder det: ‘Sæle er dei som er innbedne til bryllaup hjå Lammet.’

Festen er igong i himmelen. Men somme held seg unna med heimelaga orsakingar. Andre vil sjølve ta regien. Dei slår tenarane ihel og trur dei kan få kome inn utan bryllaupsklede.

Men det er gjest du er. Av Guds nåde. Kom for alt er ferdig.

Invitasjonen gjeld også til sundag i St Olav kyrkje kl 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.