Fastetida er til for å realitetsorientere oss: Møte røyndomen, møte oss sjølve, møte Gud, møte demonen. Det må sjekkast ut om vi er ekte og har tak i det som verkeleg har verdi.
Adam og Eva stod ikkje prøva dei vart sette på i Paradiset.
Israel stod ikkje prøva då dei måtte faste frå kjøtgrytene i Egypt og leve av det Gud gav.
Jesus fasta i øydemarka og stod prøva.
Djevelen lokka han til å imponere, tileigne seg makt og tilbe. Men Jesus svara i lydnad: «Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena!» Han vart djevelen sin overmann.
Djevelen finst, nemleg. Vi rike og overflatiske må ut i øydemarka for å erkjenne det. Det fins ein vondskap som er åndsmakt. Det er på høg tid vi oppdagar at det vonde og det gode har åndelege dimensjonar.
Vårt småpene og sjølvtrygge verdsbilete med oss sjølve, pengane våre og fornuften vår i sentrum, må rokkast. Vår økonomiske, teknologiske og opplevingsmessige framgang har skapt eit stadig større tomrom. Tomromet er demonens element. Når det blir tomt nok, fyller det mennesket med forvirra tankar og angst som får det til å gjere kva som helst. Vi er verjelause når uventa vondskap slår inn i den norske bestestova.
Gud seier: Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper sjela si? Nei, Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.