«Hellig Olav blev sædekornet som ble valgt til å legges i Norges jord, fordi det passet til jordsmonnet og været her.» (Sigrid Undset).
Forteljinga om Heilag-Olav må vi lese ihop med evangeliet om Jesu liv. Stiklestad er eit Golgata. Her er det taparen som vinn. Olav ber øksa som teikn på døden han døydde. Øksa og krossen er nederlaget sine symbol. Vi har ein krossfest Herre. Og ein Noregs evige konge som vann fram ved å døy for sin Herre.
Etter Olavs død vart livet hans tolka som eit vitnemål om Kvite-Krist, den krossfeste.
Slik vart han også førebilete for alle som vil vere ’etterfylgjar’. Slike førebilete i etterfylgjing kallast helgenar.
På søndag feirer vi olsok i St Olavs kyrkje kl. 11.