NRK slepp stadig til evolusjons-biologen Richard Dawkins. Seinast i vår kunne vi på TV høyre hans argument mot Gud. Men for kvar gong kling denne rasjonalismen meir sliten, og verkar utgått på dato. Det er ikkje vitskapen som lettast overtyder menneske idag om sanning. Tiltrua til vitskapen voks med sekulariseringa som sette sitt preg på forrige århundre, men kom etter kvart i bakleksa.
Idag helsar folk velkomne fleksible sanningar som vi kan setje vårt eige preg på. Om eg får ha mine sanningar i fred, får du ha dine. Alt er til sjuande og sist relativt, og kvar av oss får velje det som tiltalar oss mest.
I denne postmoderne tidsalderen renn ikkje kulturstraumen i berre éi retning. Det er in å inkludere, å fremje det multikulturell, multireligiøse, multisanne og multimoralske samfunnet. Gud er detronisert og kvart menneske er innsett som sin eigen herre.
Korleis lever vi i ei slik samtid? Kva rop kan høyrast i stilla etter Gud?
Eg trur der er ei skræmande og ei spennande side ved vår situasjon.
Det skræmande er at det er berre eitt standpunkt som ikkje kan tolast: At sanninga er eintal og at det som er sant og rett og godt, er det for alle menneske. For Gud er Gud uansett og har éin vilje for alle. Dette strir fundamentalt mot den subjektive pluralismen. Om vi får oppleve forfylgjing av kristne i vår del av verda, vil det mest truleg handle om dette.
Det spennande er at avsetjinga av Gud har etterlate seg tomrom. Når alt er lov, er det også lov å spørje etter Gud. Og stadig fleire gjer det. Vi merkar det fyrst og sterkast mellom dei unge. Kven kan svare på spørsmåla som vitskapen ikkje kunne svare på? Den generasjonen som veks opp utan kristendoms-opplæring, har lite å hjelpe seg med i det multireligiøse samfunnet. Dei har også minimalt med kristen erfaring, og manglar dei gamle fordomane mot kristen tru.
Skal tru om det ikkje oppstår sakn i slike liv. Om ikkje dei som har vakse opp utan Gud, tek til å etterlyse han? Eit ungdomsropprør mot ein foreldre- og besteforeldregenerasjon som ikkje gav ungdomane ein sjanse til å velje sjølv. Dei vart døypte, men aldri tekne med i kyrkja. Ingen lærte dei å be. Dei gjennomførte skulegang til dei var 20, men fekk berre religionsorientering utan engasjement.
Dette bør setje preg på både forkynning og sjelesorg i vår tid. Dei viktigaste vi får med å gjere, er dei forvirra og rotlause som spør etter meining og mål i tomromet etter Gud.