Er det fornuftig å tru på kjærleiken i møte med lidinga?
Fornufta har gitt menneska mykje framgang. Men sanneleg også liding. Fornuftsbaserte samfunnssystem har teke livet av millionar.
Menneske har også ei erfarings-evne som kallast tru. Ikkje fornufta sitt motstykke. Trua gjer eigne erfaringar, og kan supplere fornufta. Trua er Guds synsvinkel.
Det gamle Israel framsa dagleg trusvedkjenninga: «Høyr Israel, Herren vår Gud, Herren er éin; og han skal du elske.» Dette er ikkje dagsnyttopplesaren sitt perspektiv. Men Herrens. Han elskar og har lagt kjærleiksevne ned i alle levande.
Når tru slik får supplert fornufta, kan mennesket få rydda opp i si eiga evne til å elske. Det gjer enormt utslag på livskvaliteten der mennesket har bevart kjærleiksevna. Trua lærer mennesket at der er kjærleik bakom alt.
Les gjerne Matt 22,24-40.