Epifania – Heilage Tre Kongars dag

Julestemning er forføreriske greier. Og mangetydig. Mange trendar konkurrerer med den kristne jula: materialisme, kommersialisme, sentimentalisme, historisme, folklorisme o.a.

Her kjem epifania oss til god hjelp. Forteljinga om dei tre vise menn er eit alternativt juleevangelium. Ikkje like idyllisk som det med gjætarar og englar. Men meir realistisk. Dei opplever den verda Jesusbarnet vart fødd inn i. Vill og vakker. Deilig og forferdeleg. Vonde maktspel er på gang. Vismennene er velsigna vaksine mot sentimentalitet.

Og forteljinga deira er ein modell, eit bøyningsmønster for Kristus-tilbedarar. Det kunne like gjerne vore oss. Vismennene kom frå ein kultur som ikkje kjende han som var fødd. Det kunne vore oss. Dei kom til ein kultur som kjempa imot han. Det kan fort bli oss.

Dei kjem inn på arenaen for å tilbe barnet. Det har dei å lære oss.

Translate »