Det var det for Josef og Maria òg, endå lengre for Jesus. Vegen er lengre frå himmelen til Betlehem enn frå Betlehem til Golgata.
Julenatta viser oss kven Gud er og at Han elskar oss. Han som fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til familie dei som avviste Han, gjorde til arvingar dei arvelause.
I vår kyrkje står altarbordet. Her er Kristi krubbe. Altarduken er sveipet han vart tulla inn i. Her endar vegen for oss.
«Kom, la oss gå med stille sinn / som hyrdene til barnet inn.»