Der er nardus overalt

«Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange,» skriv apostelen. Jesus vert salva som konge til å døy for oss. For at vi skal kunne bli krismert til kongar til å leve for Han. Det er palmesundagen sin bodskap.

Palmesundag BetaniaVi brenn røykjelse i messene våre, etter Marias forbilde. Angen av hennar salve fylte huset i Betania. Noas offer fylte heile jorda med vellukt. Israelsfolkets gode offer gjorde det same. Vismennene sin røykelse og myrra fylte stallen.

Kristi offer fyller den verda som held på å gå i forråtning, med hugnadleg ange. For at det korrupte og det sjølvgode skal bli forvandla.

Maria gav livet sitt som offergåve. Ditt og mitt livs nardussalve handlar om våre takkoffer. Det gjeld vår tid, våre pengar, våre heimar, vår tilbeding og alt det andre. Der er nardus overalt.

Jesus meg selv jeg deg bringer, legger meg ned for din fot,
At du meg evig skal eie. Jeg er jo kjøpt med ditt blod.”

Translate »