Ved eit kalendarisk samantreff fell vår nyttårsdag og Jesu namnedag saman. Den 8. dagen vert guten til Maria omskoren etter Toraen sine føreskrifter, og det vert gjort kjent at han skal bere namnet Jesus.
Det er vel nyttårsstemninga som sit sterkast i vår kropp denne dagen. Men det gjeld å sjå samanhengar alle stadar. Det er typisk truande.
Maria og Josef gjorde som Gud ville. Dei gav guten det namnet engelen hadde kunngjort. Dette namnet var himmelens vilje. Namnet er både vakkert og mykjeseiande.
Kort sagt: «Ved det navnet fant jeg frelse, intet annet frelse kan.» Under det namnet Gud ville ha, startar vi det nye året. Då skjer det noko med Guds vilje for heile året.
Å gjere som Gud vil, er å ta imot Jesus. Den som har lært oss mest om det, er Maria.
Bibelen både startar og sluttar med forteljingar om ‘kvinna’. Etter at kvinna har
falle for slangens list, vert lovnaden gitt om siger over slangen. Kvinna, les: Maria, sitt avkome skal knuse slangens hovud, lovar Gud. I siste boka i Den heilage skrifta kjem forteljingane om korleis kvinna reddar både seg sjølv og barnet som dragen er ute etter. Og lovnaden får si oppfylling. Som Gud ville det.
Sameleis er Johannesevangeliet ramma inn av forteljingar om korleis Maria set Guds vilje i sentrum og let han råde. Når menneske tek imot Han som ber namnet Jesus, skjer underlege ting. Og igjen er kvinna formidlar av bodskapen: Lat Herrens vilje råde.
Ved engelens besøk, svarte ho: «Lat det gå meg som du har sagt.» Slik startar bøna i Jesu namn. Ho opnar livet sitt og tek bokstavleg talt imot Jesus. Ho lærer oss å elske namnet Jesus. Då skjer Guds vilje. Ho let Gud vere Gud.
Ved bryllupet i Kana går ho i forbøn for vertskapen som er komne i knipe: «Dei har ikkje meir vin.» Ho grip ikkje geskjeftig inn og ordnar opp. Ho dikterer ikkje. Ho har ikkje personlege ambisjonar eller planar. Ho legg fram nauda.
Sameleis då ho sende bod etter Jesus frå Betania: ‘Herre, han som du har så kjær, er sjuk.’ (Joh 11,3). Jesus treng ikkje dikterast. Det som vert lagt i hans hender, skjer etter Guds vilje.
Frå krossen gjer Jesus henne til alle truande si mor (Joh 19). «Det er mor di,» seier Jesus til den einaste av læresveinane som våga å vere der. Jesus overgir sine vener i si mors varetekt. Ho skal rettleie dei og dei skal lære av henne.
Eit år som vert ført inn på dette sporet, vert til velsigning.
Maria, lær oss å be: Deo Volente = (s)om Gud vil.