Den takksame

«I sanning verdig og rett er det at vi alltid og alle stadar takkar deg….». «Alltid og alle stadar.»

Takke!
Det står ikkje å lese i aviser. Ikkje stemmer det alltid med personlege erfaringar, heller. Men det avspeglar eit livssyn.

Politikarar ser etter kva dei med makt og budsjett kan oppnå. Truande ser livet og verda med Guds blikk. For Gud er Gud om alle land låg øyde.

Den som lærer dette, kan oppdage det positive under det negative, retten under uretten og lyset bak mørkret.

Gud er miskunna og ikkje misnøya sin Gud. Han er retten, sanninga, nåden og det vakre sin Gud. Men Han er ofte løynd under sin motsats.

I evangeliet møter vi ti spedalske. Alle vart friske, men berre éin fekk forandra synsvinkelen sin (Luk 17,11-19).

 

Translate »