Den takksame

«Vil du verta frisk?» spør Jesus den sjuke ved Betesdadammen. Rundt Jesus skjer det stadig at blinde, lame og døve vert lækte. Men desse forteljingane er også mønster-forteljingar som gjeld oss alle. Vi er alle fødde med handicap i forhold til Gud. Som blinde, spedalske, lame . . .

Den lame ved Betesda visste det. Han erkjente at han var hjelpelaus og bad Jesus om lækjedom. Etterpå kunne han seie: «Han er min Frelsar.»

Den som veit å be om hjelp, får det. Og attpåtil ei formaning: «Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 

Les gjerne evangeliet i Joh 5,1-14.

Translate »