Den sutalause

The Sermon on the Mount
Carl Bloch, 1890

Matbutikkane er opne lenger enn folk er vakne. Fretex-containarane er alltid fulle. Er Bergpreika gått ut på dato? At Coop, Cubus og Jernia sørgjer for oss?

Men same verda som er full av mat og kle, er også full av nød og død. Biletet av overflods-samfunnet er eit glansbilete av livet på jorda. Også klimaet lid under overbelastning.
Bergpreika melder at du må velge mellom Mammon og Jesus. Den fyrste gir bekymring, den andre ventar tru. Ingen kan tene begge. Mennesket bekymrar seg om einsemd, hunger og kjærleik.
Jesus er Guds gåve. Han gjer makteslaus bekymringa for om vi er åleine i universet, for dei 3-4 timane fram til neste måltid og for neste kjærlege berøring.
Ver sutalause, seier Jesus. Han har oppfylt visdomsordet: “Den enes død, den andres brød.”
Han er realpresent også i dag.
Vel møtt til messe i St Olav, Ålesund, sundag kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.