Den nye vin

Trua spring ikkje fram av miraklet, skriv Dostojevski, men miraklet av trua. Kjøkemeistern og tenarane i bryllaupet i Kana såg miraklet. Berre Maria og læresveinane såg mysteriet og trua deira såg Guds herlegdom.

Jesus lokkar ingen med mirakel, men han opnar himmelske samanhengar. Han avviste alle djevelen sine tilbod i øydemarka som freistingar til å imponere. Det spetakulære tener berre sensasjonen.

Gjennom vinunderet viser Jesus oss til Guds himmelske liv. Han inviterer alle som trur til det himmelske bryllaupet.

Det feirar vi i St Olav kyrkje sundag kl. 11. Velkomen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.