Den nye vin

Trua spring ikkje fram av miraklet, seier Dostojevski, men miraklet av trua. Kjøkemeistern og tenarane i bryllaupet i Kana såg miraklet. Berre Maria og læresveinane såg mysteriet, og trua deira såg Guds herlegdom.
Jesus lokkar ingen med mirakel, men han opnar himmelske samanhengar. I bryllaupet i Kana viser han oss Guds himmelske liv.
«Sæle er dei som er kalla til Lammets bryllaup.» På jorda er ei brud, Kyrkja, i himmelen ventar vår brudgom, Kristus. Les Joh 2,1-11.
Translate »