Frå Jerusalem går evangeliet om Jesus sin veg mot verdsens endar. På vegen vert det avvist av jødane men teke imot av heidningar. Heidningekristne tek seg av den såra Jesus og vert tekne med til herberget som er den kristne kyrkja. Der får dei pleie av verten som er prest og diakon. Med olje, vin og vatn, som er dei kyrkjelege sakramenta. Den kristne betalar det herberget kostar.
Gud treng veg-arbeidarar og herberge-arbeidarar. Truande som møter dei såra og fører dei til herberget. Og kyrkjetenarar som pleier dei som kjem til herberget med Guds himmelske medisin.
Les Luk 10,23-37.