Den gode tilhøyrar

Sundag sexagesima er Guds ord-sundagen. Steingrunn, klunger, vegkant eller godjord er alternativa når Gud oppsøkjer menneskehjarte.

I ei tid fokusert på helsekost og sunn livsstil, skulle ein tru mange veit kva hjartet har godt av.

Jesus set søkjelys på tålmodig venting og «eit vent og godt hjarte». Den som søkjer det vakre, må ta vare på det gode. Den som vil nekte seg åndeleg loff, karbohydrat, brus og fast food, treng åndeleg sjølvdisiplin. Dei tålmodige held ut både bekymringar og  mismot.

Slike dygder haustar evig liv, for dei gir Gud plass. Det er løyndomen i Guds rike.

Translate »