Den bortkomne sonen sin sundag

I forteljinga om mennesket går frelsesvegen ’nedenom og hjem’. I Skrifta finst fleire frelsar-personar, som Abel, Isak, Josef, Moses, David. Felles er at dei må lide urett og ta skulda. Slik vert dei redda som gjorde dei vondt.

Den bortkomne sonen går ’nedenom og hjem’.

Alle desse peikar fram mot Frelsaren, Jesus. Han vert gjort til ein bortkomen son. Menneska ville drepe han, men han overlevde.

Han seier slik Josef sa til brørne sine i Egypt: «Eg er Jesus, bror dykkar, som de selde. Men Gud ville berga liv, difor sende han meg føre dykk.» Då kan vi berre svare: «Vi har synda mot Himmelen og mot deg og er ikkje verde å kallast brørne dine lenger.»

Men istadenfor skammekrok og fengselscelle vert det festmåltidet. Gud vende det vonde til det gode. Forstå det den som kan. Sæle er dei som er innbedne til bryllaups hjå Lammet!

Translate »