Jesus er ’back in business’. Stemnemøte med fiskarar. Han introduserer kvardagskristendom. Ingrediensane er møte og måltid med Jesus.
Han visste at det gjekk rimeleg dårleg med dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» Han som kalla dei til menneskefiskarar, øver dei i å fylgje hans arbeidsinstruks. Dei tek Jesus på ordet.
No har dei lært det heilage mønsteret: Å kjenne att Jesus til kvardags, å lyde Jesu ord, å oppsøkje det heilage måltidet med Jesus. Menneskefiskarar viser folk veg til desse kjeldene.
Les gjerne Joh 21,1-14