Corona-advent

Det vart advent i coronamodus også i år. Kanskje ikkje så dumt. Døyparen Johannes, ein hovudperson i adventstida, viser veg. Han søkte einsemda i øydemarka for å vere nær Gud. Ikkje julebord der.

Tilbaketrekning trengst gjerne for å gi plass til åndeleg konsentrasjon. Det er ei hovudsak i adventstida.

Det vanlege kvardagslivet er fullt av distraksjonar som trengjer inn i og øydelegg gudslivet og bønelivet.

Johannes som rydda veg for Herren i Judea-øydemarka, kan gjere det også i corona-øydemarka. Bruk denne tida til å søkje Gud. Han er å finne.

Les om Johannes i Luk 3,1-6. Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.