Representantane for hyrding-yrket står i Betlehem ansikt til ansikt med ’den gode hyrdingen’. Offerlamma sine hyrdingar står framfor han som skal bli Guds offerlam som ber verdsens synd. Hyrdingane søkte teiknet dei var lova. Ikkje herlegdomen, men eit teikn på den. Det kunne godt kallast eit ikkje-teikn. Guds herlegdom viser seg under sin motsetnad. Men …
Category: St. Olav misjon
Dec 21
D’er langt sør til Betlehem
Det var det for Josef og Maria og. Enno lengre for Jesus. Vegen er lengre frå himmelen til Betlehem enn frå Betlehem til Golgata. Julenatta viser oss kven Gud er og at Han elskar oss. Han som fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til familie dei som avviste Han, gjorde til arvingar dei …
Dec 13
Ave Maria
Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg. Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus. Guds mor, Maria, er beste vernet mot all misbruk og fornekting av det kristne hovuddogmet: Inkarnasjonen. Mange har forsøkt å omtolke, modernisere, idyllisere og fornekte at Gud verkeleg kunne bli menneske som deg …
Dec 05
Corona-advent
Det vart advent i coronamodus også i år. Kanskje ikkje så dumt. Døyparen Johannes, ein hovudperson i adventstida, viser veg. Han søkte einsemda i øydemarka for å vere nær Gud. Ikkje julebord der. Tilbaketrekning trengst gjerne for å gi plass til åndeleg konsentrasjon. Det er ei hovudsak i adventstida. Det vanlege kvardagslivet er fullt av …
Nov 29
Kom, konge, kom
Advent handlar om Jesu Kristi gjenkomst, også kalla parusi, dvs. tilsynekomst. Han kom ein gong i fornedring som tenar, men skal kome att i herlegdom som konge. Då skal alle kne bøye seg for han. I levande live avslørte Jesus seg berre glimtvis. Men ein dag skal løyndom verte synleg herlegdom. Då skal avsløringa også …
Nov 09
Ventetid
Gud lærer folk å vente. I Egypt, ved Babylons flodar, på Jesu tid og i våre dagar. «Sjå, eg kjem snart,» seier Jesus. Forventningane har i tider vore meir intense enn elles. Idag i sterk konkurranse med sløvsinnet. I ventetida skal vi be: «Lat riket ditt kome.» Og når Han oppfyller bøna, kan det samanliknast …
Oct 25
For alle helgenar
«Dog er i Åndens mening / Alt her hun Herren nær / Har hellig søt forening / Med Herrens venner der.» Under Gran-stemnet vårt feirar vi på sundag Helgemesse, Alle helgens dag. I den himmelske hærskaren er sikkert ansikta til nokon vi kjenner att. Denne dagen minnast vi desse truande, dei som ikkje er kjende …
Oct 17
Keisar og gallilear
Jesus står med biletet av keisaren i handa når han seier at keisaren skal ha sitt. Det er ei guddomeleg ordning. Men keisaren må også passe inn i bøna: «Lat Guds rike koma.» Om ikkje keisaren passar inn der, har han eit problem. Det gjeld ikkje berre eineveldet sine kongar. Det gjeld også demokratiske folkeforsamlingar. …
Oct 13
Fest i Guds hus
Gud inviterer. Det er fest i Guds hus. Festen startar her og no. Kvar sundag lyder det: ‘Sæle er dei som er innbedne til bryllaup hjå Lammet.’ Festen er igong i himmelen. Men somme held seg unna med heimelaga orsakingar. Andre vil sjølve ta regien. Dei slår tenarane ihel og trur dei kan få kome …
Sep 13
Dødens kultur
Dødens kultur stikk hovudet fram kvar gong uskuldige vert ofra. Det skjer på slagmarka, på gynekologisk avdeling, i karrierestigen og på vellysta sin marknad. I ei samtid som vel effektivitet og sjølvrealisering framom nestekjærleik skjer det. Dei veikaste bukkar under fyrst. Somme som offer fordi samfunnet slo handa av dei, andre drog konklusjonen sjølve. I …