Category: St. Olav misjon

Nardus

“Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange,” skriv apostelen. Jesus vert konge-salva til sin død for oss. For at vi skal kunne bli krismert til kongar som lever for Han. Det er palmesøndagen sin bodskap. Vi brenn røykjelse i messene våre, etter …

Continue reading

Ver helsa, Maria!

Når Gud grip inn i historia, sender han ikkje soldatar, men babyar. Gud forandrar verda gjennom barnefødslar. Sara, Hanna, Elisabeth og Maria veit alt om det. Gud gjer det umulege, det uventa, det uhøyrde, og syner slik at Han har grepet om verda og historia. Jesus er Guds son, fødd før tida utan mor (av …

Continue reading

Frels oss frå den vonde

Psykologar, journalistar, biologar, politikarar og forfattarar har prøvd å forklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder. Den heilage Augustin sa at det vonde har ingen substans. Det vonde er imot naturen, for naturen er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte. Gud har teke opp kampen, ein kosmisk kamp …

Continue reading

“Å leva det er å tilgje”

2. sundag i faste handlar om synd og kjærleik. Lite synd, lite kjærleik, seier Jesus. Men utan syndserkjenning, inga syndsvedkjenning eller syndstilgjeving. Kong David erkjente: «Eg har synda mot Herren.» Då svara profeten Natan: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.» Slik er skriftemålet Gud har gitt oss. Absolusjon er …

Continue reading

Med krossmerket mot påske

Oskeonsdag innleier fastetida med ei påminning om døden. Oske er dødens teikn. Men krossmerket i panna er Guds bumerke. Gud sette det på Kain som vern mot hans fiendar. Og Gud sette det på oss i dåpen. Den som ber merket, er elska av Herren over dødens makt.  Vi held faste for å lære kven …

Continue reading

Han lærte oss Jesus-bøna

På fastelavnsundag  møter vi den blinde Bartimeus, han som ser det dei sjåande er blinde for. Han veit han er blind, men forstår det guddomelege nærveret. Bartimeus lærer oss at den som søkjer hjelp, må fyrst erkjenne at han treng det. Så må han vite kvar hjelp er å finne. Bartimeus såg seg sjølv i det han …

Continue reading

Truskap kostar

Det er lett å skifte standpunkt. Berre ei tru er viljug til å ofre. Eit standpunkt må gjerne testast på nye innfallsvinklar. Men å svikte trua er å svikte Han du trudde på. Tru fordrar truskap. Den spør ikkje etter gevinst eller medbør. Difor er trua i motgangstider ein god ballast. «Herre, kven skulle vi gå …

Continue reading

Stemne i Innvik

Igjen inviterer vi til stemne i vakre Innvik i Nordfjord. Med base i Innvik Fjordhotel og gudstenester i Innvik kyrkje og utflukt til Singerheimen i Olden. Det vert  foredrag, tidebøner, samtalar og messefeiring. Pastor Dagfinn Stærk vil halde foredrag om historier om kvinner frå kyrkja si fyrste tid, og om Ireneus, kroppens teolog. Fullstendig program …

Continue reading

Guds sundagsskule

Gud openberrar sine planar for born. Dei vaksne må slite. Ein må innom Guds sundagsskule for å kome til himmelen. Jesus var sjølv ein av desse små. I Guds hus. På søndagsskulen. Han som sjølv er Faderens barn. «Lær av meg,» seier han, «for eg er mild og audmjuk av hjarta. (Mt 11,29). Han, den …

Continue reading

“Me har og den same stjerna”

Gud kallar menneske på mange måtar: Astronomistudier like vel som pandemi og andre kriser. Men når Gud tenner ei Betlehemsstjerne, gjeld det å bryte opp. Alle som vandrar med Gud, må til eikvar tid vere på vakt. For Herodes er allid utfordra av Kristus og vil øydelegge den sanne Kristus-tilbedinga. Julestemning kan vere forføreriske greier. …

Continue reading