Category: St. Olav misjon

Øyrekviskraren

Jesus lovar oss Talsmannen. Han er Guds øyrekviskrar. Han sit i kyrkjeklokkene og kviskrar: “Kom til Guds hus!” Han sit på skuldra til den som les Skrifta og kviskrar tolkingsord. Han sit på kanten av døypefonten og kviskrar at den døypte er Guds barn. Ved nattverdbordet kviskrar han “Det er Jesu lekam.” ‘Når våren kjem …

Continue reading

Guds fred

Når vi helsar kvarandre med Guds fred i messa, repeterer vi Jesu fyrste ord etter oppstoda. Han knyter si fredshelsing til såra i sida og hendene sine. Freden mellom himmel og jord er betalt. Dermed er Jesu testamente til utbetaling. Jesu fyrste testamentariske gåve er apostolatet: «Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» På …

Continue reading

Full kyrkjepåske i St Olav kyrkje

Jesu sju ord på krossen gjev oss tidlaus åndeleg rettleiing. Ei heil katekisme for vårt liv som truande. Det kulminerer med «det er fullført». Den latinske varianten, «consummatum est», talar tydeleg om kva som har hendt. Moselova seier at «forbanna er kvar den som heng på eit tre». Men i Jesu tilfelle var krossfestinga hans …

Continue reading

Vegen til Jerusalem

  ”Sjå, vi dreg opp til Jerusalem” seier Jesus, og rir rett inn i profetiar frå GT: Sakarja som profeterer om kongen på eselfolen som gledar Sions dotter; Moses og israelittane si påskefeiring i Egypt som får sitt siste og endelege påskelam. Kongen kjem til kongsbyen Sion. Læresveinane skjøna det ikkje. Ikkje før dei såg …

Continue reading

Pasjonssundag

Komande sundag går fastetid over til pasjonstid. Ei fordjuping og intensivering av førebuingane til påske. For Jesus ei intensivering av hans omgang med dødens lakeiar. For oss øving i å gå i hans spor. Vil du vere med i kampen mot synda og dermed vondskapen? Jødane hadde reinsingsbad før påske. Også våre sinn og tankar, …

Continue reading

Innvikstemne 2021

Seminarhelg Innvik Fjordhotell  Laudag 17. april Kl 1300           Lunsj   Innkvartering – rom Kl 1430           Tidebøn – Innvik kyrkje – gåavstand Dag Vanberg fra Innvik vil snakke om stev og  salmetradisjonen i Nordfjord. Kl 1630           Seminar – Magne V. Kristiansen:  «Å følge Kristus – den gode veien til livet.»                 …

Continue reading

Kyrie eleison

3. sundag i faste Fastetida er kampane si tid, både med Gud og med oss sjølve. Gud er ikkje bortvend. Han ventar på oss. Vegen til han er hard, men ikkje vanskeleg. Patriarken Jakob måtte i brytekamp for å vinne velsigninga. «Ei kvinne frå desse bygdene» ropa etter Jesus. Det kunne vore ei av våre …

Continue reading

Ny kyrkjekunst

  Dyktige damer har stått på for St Olav kyrkje i det siste. I Engelsviken har Åse Andersen sydd nye messeklede og altarutstyr i blå farge. Blått brukar vi i førfastetida (Søndag septuagesima til oskeonsdag) samt i adventstida.                 På Sunnmøre har Dagmar Sofia Frydenlund Wember sydd og …

Continue reading

Den gode tilhøyrar

Sundag sexagesima er Guds ord-sundagen. Steingrunn, klunger, vegkant eller godjord er alternativa når Gud oppsøkjer menneskehjarte. I ei tid fokusert på helsekost og sunn livsstil, skulle ein tru mange veit kva hjartet har godt av. Jesus set søkjelys på tålmodig venting og «eit vent og godt hjarte». Den som søkjer det vakre, må ta vare …

Continue reading

Lat oss alle be!

“Norsk tidebønn” er tittlen på den rykande ferske tidebønsboka. Sist såg denne boka dagsens ljos i 1948, utgjeven av Agnar Sandvik. No står ho fram med bøner for kvar dag i veka og med notar. Ingrid Gjertsen og Anne Gunn Pettersen har gjennom fleire år arbeidd med å tilpasse gregorianske melodiformlar, antifonar og hymner til …

Continue reading