Kategori: Framheva

Kyrkjelyden sine heimesider i ny drakt

St. Olavs heimesider framstår no med ei fornya utsjånad, tilsvarande Den nordisk-katolske Kyrkja sine nasjonale heimesider. Vi ynskjeer at Kyrkja sine heimesider skal ha eit felles design, soat det vert lett å navigere frå kyrkjelyd til kyrkjelyd. Vi vonar at de som vitjar St. Olav sine heimesider vert nøgde med det nye designet og de …

Fortsett å lese

Velkomen til Innvikstemnet 2023

Helga 28. – 30. april set vi kvarandre stemne i Innvik. Med base i Innvik Fjordhotell og vandring til gudstenester Innvik kyrkje vert det foredrag, tidebøner, samtalar og messefeiring. Tema: «Kvardagskristen vil eg vera.» Det vert innlegg med Matias Orheim-songar og forteljing om hans liv og gjerning ved Sonja Orheim Nome. Sokneprest Matias Austrheim vil …

Fortsett å lese

Troll sprekk i lyset

Psykologar, journalistar, biologar, politikarar, forfattarar – alle vil forklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder. Våre forfedre som dikta eventyr, lærte oss å omgå troll. Den heilage Augustin seier at det vonde har ingen substans. Vondskapen er imot naturen, for den er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte. …

Fortsett å lese

Herre, miskunna meg!

Fastetida er kampane si tid, både med Gud og med oss sjølve. Gud er ikkje bortvend. Han ventar på oss. Vegen til han er hard, men ikkje vanskeleg. Somme vil surfe til Gud. Det vert ikkje helging utan åndelege brytekampar. Både kvinna som var utsett for ei plageånd og patriarken Jakob som måtte i brytekamp …

Fortsett å lese

Vend om og tru på evangeliet

Det vonde og det gode er åndelege dimensjonar. Adam og Eva i paradiset og Jesus i øydemarka kjempa mot dei vonde åndskreftene. Berre Jesus stod prøva, var trugen og lydig. Det er på høg tid å avvikle dei småpene og sjølvtrygge verdsbileta. Demonane er framleis aktive i himmelromet. Vi må velje kven vi skal tene …

Fortsett å lese

Med krossmerket mot påske

Oske er dødens teikn. Krossmerket er Guds bumerke. Gud sette det på Kain som vern mot hans fiendar. Og Gud sette det på oss i dåpen.  Oskeonsdag innleier fastetida med å teikne oskekrossen på panna, ei påminning om døden. Den som ber merket, er elska av Herren over dødens makt. Vi held faste for å …

Fortsett å lese

Translate »