Kategori: Betraktningar

Troll sprekk i lyset

Psykologar, journalistar, biologar, politikarar, forfattarar – alle vil forklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder. Våre forfedre som dikta eventyr, lærte oss å omgå troll. Den heilage Augustin seier at det vonde har ingen substans. Vondskapen er imot naturen, for den er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte. …

Fortsett å lese

Herre, miskunna meg!

Fastetida er kampane si tid, både med Gud og med oss sjølve. Gud er ikkje bortvend. Han ventar på oss. Vegen til han er hard, men ikkje vanskeleg. Somme vil surfe til Gud. Det vert ikkje helging utan åndelege brytekampar. Både kvinna som var utsett for ei plageånd og patriarken Jakob som måtte i brytekamp …

Fortsett å lese

Vend om og tru på evangeliet

Det vonde og det gode er åndelege dimensjonar. Adam og Eva i paradiset og Jesus i øydemarka kjempa mot dei vonde åndskreftene. Berre Jesus stod prøva, var trugen og lydig. Det er på høg tid å avvikle dei småpene og sjølvtrygge verdsbileta. Demonane er framleis aktive i himmelromet. Vi må velje kven vi skal tene …

Fortsett å lese

Med krossmerket mot påske

Oske er dødens teikn. Krossmerket er Guds bumerke. Gud sette det på Kain som vern mot hans fiendar. Og Gud sette det på oss i dåpen.  Oskeonsdag innleier fastetida med å teikne oskekrossen på panna, ei påminning om døden. Den som ber merket, er elska av Herren over dødens makt. Vi held faste for å …

Fortsett å lese

Han lærte oss «Jesus-bøna»

«Herre Jesus Kristus, Guds Son, miskunna deg over meg.» Den blinde ved Jeriko såg det dei sjåande var blinde for. Han lære generasjonar av truande å be. Den som søkjer hjelp, må fyrst erkjenne at han treng det. Så må han vite kvar hjelp er å finne. Bartimeus kjende att det guddomelege nærveret. Difor bad …

Fortsett å lese

Den nye vin

Trua spring ikkje fram av miraklet, seier Dostojevski, men miraklet av trua. Kjøkemeistern og tenarane i bryllaupet i Kana såg miraklet. Berre Maria og læresveinane såg mysteriet, og trua deira såg Guds herlegdom. Jesus lokkar ingen med mirakel, men han opnar himmelske samanhengar. I bryllaupet i Kana viser han oss Guds himmelske liv. «Sæle er …

Fortsett å lese

Guds sundagsskule

Gud openberrar sine planar for born. Dei vaksne må slite. Ein må innom Guds sundagsskule for å kome til himmelen. Jesus var sjølv ein av desse små. I Guds hus. På søndagsskulen. Han som sjølv er Faderens barn. «Lær av meg,» seier han, «for eg er mild og audmjuk av hjarta. (Mt 11,29). Han, den …

Fortsett å lese

EIT LJOS FOR FOLKESLAGA

Epifania er det store vegkrysset i menneska si åndelege historie. Israels profetar møter filosofar og astrologar med Orientens visdom. Ei stjerne frå aust stoppar over Betlehem. Menneskeslekta sin lengt og søkjing møter Kristus, «eit ljos for folkeslaga». Kristi kyrkja har sidan hatt ein universell misjon. For verda og menneskeslekta er éi midt i sitt mangfald, …

Fortsett å lese

NAMNET JESUS

«Tidi ho renn som elv mot oss» sa han austlendingen som skulle sitere Anders Hovden. Sant nok. Like sant det Hovden verkeleg song: «Tidi ho renn som elv mot os». Tida renn ut. Vi er ikkje mykje herre over tider og timar. Ein kan bli så oppteken av å fylgje med i tida at ein …

Fortsett å lese

HERRENS FØDSELSFEST

«Vi såg hans herlegdom,» iflg evangelisten. Guds herlegdom midt i ’reality’. ’Too good to be true’ og difor ikkje trudd. Av dei fornftige. ’Logos’ (gr) betyr ’meining’. Samanhengen som knyt ihop verda og våre liv. Meininga med alle ting. Han vart kjøt og blod. ’Splendor veritatis.’ Trass fjøslukt og fornedring. Heilt utan glitter. Men det …

Fortsett å lese

Translate »