Brød til liv

Mat har vore mennesket si grunnfreisting. I Paradis åt dei den forbodne frukta. Resultatet vart at mennesket må døy. Dei ville gjere seg uavhengige av Gud.

Mennesket som et sitt brød utan å be bordbøn, vert sin eigen slave.

Når Jesus gjer brødunderet, gjenopprettar han Guds opphavlege meining: At

brødet og livet er gåve frå Gud. Berre Han kan redde forbrukaren frå sjølv å verte forbrukt.

Frå brødunderet går ei linje til skjærtorsdagen då Jesus igjen gir dei seg sjølv som brødet frå himmelen.

Her er parolen til livsvernarar, miljøaktivistar, naturelskarar, fiskeforvaltarar, dyrevernarar, innsektsreddarar og ’you name it’: De er i Skaparen si tenest, han som ordna livet og gav oss mat.

 

Translate »