Å ofre er guddomeleg. Jesus tek imot livet sitt frå Faderen, og gir det attende til han. «Alt mitt er ditt,» seier han. «Eg overgjev meg til deg.» Dette står innskrive i Guds hjarte. Og det er formålet med våre liv som kristne.
40 dagar gamal vart Jesus boren til templet, og ofra. Klimaks når Jesu liv med offeret på Golgata.
Det er også nedfelt i naturen. Tyttebæret oppå tuva som veks utav ei liti von, lærer bort at «mogen mann det mest må gleda, bort for folk å gjeva seg».
Nøkkelen til det gode livet ligg i å gje seg sjølv for å gje liv til andre. Død over egoismen. Kryp ut av det innestengde ego sin snevre sirkel. Kva har eg enno ikkje ofra til Gud? Kva har eg halde att for meg sjølv?
Å bli lyfta opp til Gud, er å bli overgjeven i Hans faderlege hender.
Les gjerne Luk 18,31-43