Det fylgde glede med Jesus. Han opptrer i bryllup, kallar seg sjølv himmelsk brudgom og innbyd til fest.
Men Jesus held seg konsekvent med feil folk. Med syndarar. Dette er ikkje ein einøygd floskel, men eit anstøyteleg faktum. Når vi har vent oss til det, etter å ha høyrt det 100 gongar, er det fåre på ferde. Det er så ein kan få lyst å seie med Wildenwey: Dette vil ergre de store, men noen små vil det more.
Eit heilt kapitel i evangeliet er vigd dei villfarne og fortapte. Jesus illustrerer med lagnaden til 100 sauer, 10 sølvpengar, men berre 1 son. Slik er Guds målestokkar. Eit menneske er meir verd. Vanskeleg å forstå for oss som er indoktrinerte med demokratisk tankegang, at dei mange bestemmer over den eine.
Det er syndarar som svarar Jesus «You raise me up so I can stand on mountains.»