”Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.”
Seier Jesus om sin livsveg. Han skal gjeninnta sin plass hos Faderen.
Den vegen Han gjekk, er vegen Han inviterer alle sine truande brør og systre til å gå. Retninga og målet for livet vårt er å fare bort frå verda og gå til Faderen.
Lojaliteten vår og borgarskapen vår er i himmelen og ikkje i folkeregisteret. Alt vi har å takke for, har vi fått av Faderen. Retninga for livet vårt skal vere vegen til Faderen og Faderens vilje.
Måtte Faderens vilje råde i alle ting, i våre liv og i vårt lands liv. Det startar med oss.
«Be Faderen om det som er Faderens vilje i mitt namn,» seier Jesus.