Ave Maria

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.

Guds mor, Maria, er beste vernet mot all misbruk og fornekting av det kristne hovuddogmet: Inkarnasjonen. Mange har forsøkt å omtolke, modernisere, idyllisere og fornekte at Gud verkeleg kunne bli menneske som deg og meg.

Men Jesubarnet er fødd som gut av ei kvinne. Gjennom Maria vert den gamle pakta sine Messias-lovnader oppfylte. Ho var ein sentral del av Guds frelsesplan. Marias ‘ja’ sette store ting igong i menneska si historie.

Det er tru. Å våge å vere open for Guds handlingar i historia og i mitt liv. Guds engel ventar også på ditt og mitt svar.

Vel møtt til messe på 4. laurdag i advent på bedehuset Betania i Stryn, laurdag kl. 15.00

Leave a Reply

Your email address will not be published.