Det heilage har tiltrekningskraft. Vi merkar det i vår tid fordi vi så lenge satsa på det nyttige, det fornuftige og det behagelege. Vi bygde ein kultur og fostra ei slekt utan Gud og gjorde mennesket til sentrum.
Men det rasjonalistiske og materalistiske tilfredsstilte ikkje. Det moderne mennesket lengtar etter sitt opphav. Urolege hjarte speidar kvilelaust etter det heilage.
Dei gamle israelittane visste det: ”De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.” (3 Mos 19,2).
Og Jesus ber om det same i si avskilsbøn. Den oppstadne etterlet venane sine i ei verd der dei blir hat-objekt for dei er framande. Difor må dei helgast.
Korleis? Det er ei guddomeleg gjerning. Den kristne kyrkja har til alle tider valet om kven ho vil høyre til: Å vere av Kristus og apostlane eller av folket og verda.