Author's posts
Feb 14
Truskap kostar
Det er lett å skifte standpunkt. Berre ei tru er viljug til å ofre. Eit standpunkt må gjerne testast på nye innfallsvinklar. Men å svikte trua er å svikte Han du trudde på. Tru fordrar truskap. Den spør ikkje etter gevinst eller medbør. Difor er trua i motgangstider ein god ballast. «Herre, kven skulle vi gå …
Jan 19
Stemne i Innvik
Igjen inviterer vi til stemne i vakre Innvik i Nordfjord. Med base i Innvik Fjordhotel og gudstenester i Innvik kyrkje og utflukt til Singerheimen i Olden. Det vert foredrag, tidebøner, samtalar og messefeiring. Pastor Dagfinn Stærk vil halde foredrag om historier om kvinner frå kyrkja si fyrste tid, og om Ireneus, kroppens teolog. Fullstendig program …
Jan 10
Guds sundagsskule
Gud openberrar sine planar for born. Dei vaksne må slite. Ein må innom Guds sundagsskule for å kome til himmelen. Jesus var sjølv ein av desse små. I Guds hus. På søndagsskulen. Han som sjølv er Faderens barn. «Lær av meg,» seier han, «for eg er mild og audmjuk av hjarta. (Mt 11,29). Han, den …
Jan 03
“Me har og den same stjerna”
Gud kallar menneske på mange måtar: Astronomistudier like vel som pandemi og andre kriser. Men når Gud tenner ei Betlehemsstjerne, gjeld det å bryte opp. Alle som vandrar med Gud, må til eikvar tid vere på vakt. For Herodes er allid utfordra av Kristus og vil øydelegge den sanne Kristus-tilbedinga. Julestemning kan vere forføreriske greier. …
Dec 26
“… med åpne sinn / som hyrdene til barnet inn.”
Representantane for hyrding-yrket står i Betlehem ansikt til ansikt med ’den gode hyrdingen’. Offerlamma sine hyrdingar står framfor han som skal bli Guds offerlam som ber verdsens synd. Hyrdingane søkte teiknet dei var lova. Ikkje herlegdomen, men eit teikn på den. Det kunne godt kallast eit ikkje-teikn. Guds herlegdom viser seg under sin motsetnad. Men …
Dec 21
D’er langt sør til Betlehem
Det var det for Josef og Maria og. Enno lengre for Jesus. Vegen er lengre frå himmelen til Betlehem enn frå Betlehem til Golgata. Julenatta viser oss kven Gud er og at Han elskar oss. Han som fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til familie dei som avviste Han, gjorde til arvingar dei …
Dec 13
Ave Maria
Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg. Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus. Guds mor, Maria, er beste vernet mot all misbruk og fornekting av det kristne hovuddogmet: Inkarnasjonen. Mange har forsøkt å omtolke, modernisere, idyllisere og fornekte at Gud verkeleg kunne bli menneske som deg …
Dec 05
Corona-advent
Det vart advent i coronamodus også i år. Kanskje ikkje så dumt. Døyparen Johannes, ein hovudperson i adventstida, viser veg. Han søkte einsemda i øydemarka for å vere nær Gud. Ikkje julebord der. Tilbaketrekning trengst gjerne for å gi plass til åndeleg konsentrasjon. Det er ei hovudsak i adventstida. Det vanlege kvardagslivet er fullt av …
Nov 29
Kom, konge, kom
Advent handlar om Jesu Kristi gjenkomst, også kalla parusi, dvs. tilsynekomst. Han kom ein gong i fornedring som tenar, men skal kome att i herlegdom som konge. Då skal alle kne bøye seg for han. I levande live avslørte Jesus seg berre glimtvis. Men ein dag skal løyndom verte synleg herlegdom. Då skal avsløringa også …
Nov 09
Ventetid
Gud lærer folk å vente. I Egypt, ved Babylons flodar, på Jesu tid og i våre dagar. «Sjå, eg kjem snart,» seier Jesus. Forventningane har i tider vore meir intense enn elles. Idag i sterk konkurranse med sløvsinnet. I ventetida skal vi be: «Lat riket ditt kome.» Og når Han oppfyller bøna, kan det samanliknast …