Apostolisk suksesjon

Apostolisk suksesjon startar på Gennesaretsjøen. Jesus kalla Peter til etterfylgjar med oppdrag. Peter kalla i sin tur nye. Den kristne kyrkja er ’up to date’ berre når ho og hennar tenarar står i denne suksesjonen.

Jesus kunne bruke Peter då han mislukkast. Han vart vist tillit og fekk ny sjølvinnsikt. Både båten og mannen kunne brukast. Peter valde etterfylgjarlivet istaden for det sjølvsikra.

I etterfylgjinga finst velsigninga. Peter betalte for lydnaden med sitt liv. I ditt og mitt tilfelle er prislappen enno open. Det gjeld berre å vere i apostolisk suksesjon.

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag 9. juli kl.  11.

Translate »