Jesu sju ord på krossen gjev tidlaus åndeleg rettleiing. Ei heil katekisme for vårt liv som truande som kulminerer med at «det er fullført».
Moselova seier at «forbanna er kvar den som heng på eit tre». Men i Jesu tilfelle var krossfestinga hans siger. Jesus herleggjer Faderen når han her fullfører sin misjon. ”Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han.” (Hebr 5,9).
Slik vert alle ting gjort nye. Frå denne dagen er både naturen og menneska, jorderiket og dødsriket, forvandla. Englane gleder seg, himmelen opnar seg.