Advent – eit nytt nådeår

Det kyrkjelege årsskiftet gir høve til å reflektere kring tid. Tida høyrer med til det Gud har ordna. Då tida var fullkomen, let Gud seg føde i tida. Inkarnasjonen inneber at Jesus frelser tida. Tida er difor ikkje ein fiende for den som trur, men nådetid og ei påminning om at Han er på veg. 

Vi lever ikkje for å gjere suksess i historia. Vi lever ikkje for å bli reinkarnert i tida. Men for oss er kvar soloppgong ei påminning om at Jesus er på veg. Han skal kome og oppfylle all tid, ende all historie. Tidsrekninga vår er nedteljing.

Kvar gong evkaristien vert bydd fram, kjem Han i Kyrkja. Kvar gong eg bed ‘kom, Herre Jesus’ kjem Han i mitt hjarte. Ved den siste solrenning kjem Han som Herren over alle ting.

Translate »