Adventssteming har dobbel botn:
- Advent er no og heile året. Han som ein gong tok oss inn i himmelen på jorda, han gjer det kvar dag heile året. Så vi må dagleg rydde i livet vårt med tanke på det.
- Advent er dagen då vår historie sluttar og himmelen rår åleine på jorda. Frelsaren kjem att som Herren. Så må vi vere budde på å gå Han i møte.
’Alltid beredt’ inneber å øve seg i å vere stille og ventande. ’Lytte etter lyden av Hans trinn.’ ’Ver stille og kjenn at eg er Gud’ høyrer salmisten Gud seie. Å leve med sinn og tankar og timar, planar og program sentrert om dette, er å feire advent. I kritiske periodar i både Kyrkja sitt liv og i privatliv, har overlevingsstrategien handla om stilla der ein møter Gud som Gud.
Evangeliet for denne andre advent-sundagen handlar om tenaren som ventar Herren sin heim: Luk 12,35-48.