Det veks gode frukter av kjærleik: Venlege ord, godt hjartelag, gåvmilde hender, glede og fred, sosialt ansvar. Dette er fruktene. Han som er opphavet til kjærleiken, skaper dei.
Han har gitt ein god orden for oss alle å passe inn i. Den som underordnar seg så han held boda hans, er i hans kjærleik. Somme har tenkt at all omgang mellom menneske som ser godt og vakkert ut, er kjærleik. Jesus uttrykkjer seg aldri slik. Han seier tvert imot at kjærleiken viser seg i lydnad mot hans konkrete bod.
Slik dei tre guddomelege personane elskar kvarandre. Dei er ikkje like. Faderen er hovudet over Sonen. Sonen er fødd av Faderen. Anden utgår frå Faderen. Likevel er dei ein fellesskap i fullkomen kjærleik. Utan isolasjon, rivalisering eller likestillings-kamp. Innpassing i Guds orden gir einskap i ulikskap..