Kva er å seie i møte med ei tom grav?
Halleluja-rop er knapt nok det mest logiske. Om Ola Normann fekk oppleve ved første besøk på kyrkjegarden etter ei gravferd, at grava var tom, hadde han helst latt kyrkjeverja få gjennomgå og teke ein tips-telefon til lokalavisa.
Steinen for Jesu grav vart ikkje rulla til side for Jesu skuld. Han kunne gå gjennom stein like lett som vegg og dør og tid og rom. Steinen er rulla til side for at menneske skal få sjå teikna: Linrullane, liksveipet og elles at det var tomt.
Gud hadde gode grunnar til ikkje å la korkje kyrkjeverja eller ein journalist tolke den tome grava, men ein utsending frå himmelen: «Han er oppstaden frå dei døde og Han går føre dykk,» sa engelen til kvinnene, og dei sa det vidare.
Den som vågar å hevde at Kristus er oppstaden frå dei døde, tek store ord i munnen. For noko slikt som 15 milliardar år sidan frambrakte Gud universet. Den krafta som då var verksam, var Heilaganden. Same krafta førte Jesu torturerte, øydelagde og krossfeste kropp opp frå dødsriket til hagen. Han kan vekke opp døde også idag.
Vi kan gjere mykje med våre liv, vi menneske. Men ingen kan føde seg sjøl, frelse seg sjøl eller vekkje seg sjøl opp frå døden. Berre Gud kan. Og Gud fylgjer eit fast mønster. Vi ser det i Jesus. Han er Guds prototyp, modellen som Gud nyskaper i. Som det var med Jesus, så med oss.
I påskenattsliturgien heiter det:
“Kor nødvendig var ikkje Adams synd,
å du sæle skuld, å du sæle natt.”
Pga synda vart Guds kjærleik og makt synleg. Det kan menneske sjå påskenatta. Ikkje den samla vondskapen på jorda kan oppheve Guds kjærleik eller overvinne Guds makt. Påskedagen handlar om triumfen over vondskapen, djevelen og døden.
Gud fører borna som ber Hans andletsdrag, ut av døden, ut av kista, ut av grava, ut av vondskapen, ut av mørkret og inn i menneskeverdien, inn i menneskerettane, inn i kongestatusen sitt land. Det landet heiter Himmelriket.
Det kan eit menneske seie i møte med den tome grava.