Jesus førebur sitt farvel: «Eg fer bort frå verda og går til Faderen.» Dette er retninga og målet også for vårt liv. Vårt borgarskap er i himmelen og ikkje i folkeregisteret. Alt vi har, er gitt oss av Faderen. Alt vi har å takke for. Alt vi har å gle oss til. Livet, landet, retten, freden, gleda, historia, velstanden.
Be også om at Faderens vilje må råde, seier Jesus. Han kallar det bøn i Jesu namn. At vi lever og tenkjer og bed i samsvar med, i harmoni med og identifikasjon med Faderen.
Livet handlar ikkje om meg og korleis eg skal tilfredsstillast, men om å vere i Gud, i samklang med hans plan og vilje for livet. Då får han be i deg. Og du får leve i han. Han som har sigra over verda.
Les gjerne Joh 16,23-28