Velkommen til St. Olav kyrkjelyd

Vi feirar gudsteneste på sundagar og helgedagar kl. 11. Vel møtt til messe sundag 11. oktober.

Dei godtruande

Kristne menneske er i rett forstand godtruande. Den fyrste var Abraham, dei truande sin ættefar. Godtruande sette han igong med å telje stjernehimmelen. Han fekk erfare at Gud heldt sine lovnader. Det er enkelt å få folk til å tru det dei har sett. Vanskelegare å rekne det usynlege som reelt. Evangeliet fortel om ein …

Les mer

Pengane eller livet

‘Kva kostar evig liv?’ spør ein rik mann. Han hadde gjort alt som var rimeleg: Gjort Guds vilje. Berre éin ting stod att: Fri seg frå rikdomen.  «Det du festar hjarta ditt ved og som du stolar på, det er din gud.» Seier Luther om det 1. bodet. Det hjelper ikkje å halde boda, dersom …

Les mer

Dødens kultur

Uttrykket vart brukt av pave Johannes Paul II om ei samtid som vel effektivitet framom nestekjærleik. Dei som ikkje oppfyller krava, vert rekna som unyttige og vraka. Denne kulturen stikk hovudet fram. På slagmarka, på gynekologisk avdeling, i karrierestigen og på vellysta sin marknad. Dei minste, dei veikare bukkar under fyrst. I Betania møter Jesus …

Les mer

Bind II av tidebønboka

Tidebønboka bind II, kyrkjeårsbindet, er no i handelen. Tidebøner har frå dei eldste tider blitt bedt av dei kristne, som i si tid lærte dette av jødane. Salmane, som tidebønene vesentleg består av, var også Jesu eigne bøner. Så i salmane bed vi med Jesus, og Jesus sjølv bed i oss. Alle som bed eller …

Les mer

First thing first

Søk fyrst Guds rike, seier Jesus. Lat det fyrste prege alt anna. Lat sundagen setje standard. Jesus gjer seg flid med å rydde plass for den fyrste. Kristne får sitje ved Herrens føter i Herrens hus. Andre gjeremål fell på plass når retninga er rett. «Velsignet dag, o Frelser blid, da du stod opp av …

Les mer

Leve for Herren og døy for Herren

Temalaurdag i St Olav kyrkje   12. september kl. 12 – 15 Å praktisere katolsk tru i vår samtid. Å overleve som katolsk truande. Å førebu si eiga gravferd. Korleis ser ei katolsk gravferd ut? Prest Asle Ambrosius Dingstad Foredrag, samtale, kaffiservering, middagsbøn

Les mer

Fiendekjærleik a la Gud Fader

Gud elskar fiendar. Han ser emne i dei. Dei er ikkje skapte som fiendar, men i hans bilete, for å vere som han, sjå ut som han og elske som han. Dette er Jesu menneskesyn når Han seier: «Far, forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Gud gir bort si kjærleiksevne. I Guds …

Les mer

Mellom feiging og forrædar

Jesus hadde både feigingen og forrædaren i sin næraste krins. Hans sambygdingar vende seg imot han då han rokka ved deira privillegier. Når Jesus utfordrar eller vert utfordra, vert vi sette på prøve. For Jesu etterfylgjarar og for ein kultur som har vendt seg til å ha Jesus på parti, kan det lett ende i …

Les mer

Translate »