Vil du bli frisk?

Neste messe i St Olav kyrkje er 13. sept kl. 11. Vi får besøk av fr Tom Hængsle som vil tale over evangeliet om den lame ved Betesda dam (Joh 5,1-14).

Somme les evangelia berre som forteljingar frå langt tilbake. Johannes skriv evangeliet som mønster. Hendingane er historiske, men personane sprengjer sin individualitet, stadane sprengjer geografien og historia sprengjer tidsforskjelane.

Alle menneske er blindfødde. Alle er spedalske (=ureine). Alle er lame. Som han ved Betesda dam. Vona ligg i at han veit det. Ikkje før vi erkjenner at vi er sjuke eller syndige, kan vi få hjelp. Mønsterforteljinga handlar ikkje berre om å vere lam i beina. Men totalt hjelpelaus til å kunne redde seg sjølv.

Einaste hinderet er om du har meir tillit til deg sjølv enn til Jesus. Berre syndaren kan seie: Han er min Frelsar.

”Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.” Det finst ein lagnad verre enn sjukdom.

Syndstilgjeving er ikkje ei ’once in a lifetime’-erfaring. Difor er skriftemålet del av det kristne livets mønster. Vi treng det. Både vi lamme, vi blinde, vi spedalske og vi syndige. Så ikkje noko verre skal henda oss.

Leave a Reply

Your email address will not be published.