‘Vi har og en ledestjerne’

Etter å ha sunge «Deilig er jorden» eit par veker, treng vi å møte ’reality’. Epifania kompletterer julestemninga.

Lyset tent i Betlehem møter mørkret. Og mørkret tok ikkje imot det, så englesongen glei over i rama-skrik. Slik er den verda Herren vart fødd inn i.

Gud kallar menneske på mange måtar: Astronomistudier, møte med menneske, uro og kriser mm. Når Gud tenner ei Betlehemsstjerne, gjeld det å bryte opp. Men alle som vandrar med Gud, må vere på vakt. For Herodes er til alle tider utfordra av Kristus og vil øydelegge den sanne Kristus-tilbedinga.

Vismennene sin visdom viste seg i at ’dei tok ein annan veg heim att til landet sitt’.

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag 5. januar kl. 18.00

Leave a Reply

Your email address will not be published.