Vegen frå døden til livet

Jorda steig opp av vatnet i skapingsmorgonen.
Kvart menneske stig ut av fostervatnet.
Kvart Guds barn opp frå dåpsvatnet.
Noko må druknast, bli aude og tomt, før Gud skaper nytt liv.
Vegen til livet startar i døden.

Vondskapen som hadde hopa seg opp over menneska, måtte Jesus bere. Hans nedstigning gjekk til det lågast liggande vatn på jorda. Han bur seg på å døy vår død.

Då himmelen opna seg og oppstigninga tok til, ropte himmelen både til han og til oss:
“Du er son min. Eg elskar deg.”

Vel møtt til messe på festen for Herrens dåp,
sundag 12. januar kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.