Ved Guds bord

Audmjukskap og høgmot er motsatsar hjå Jesus. Der er mange ytre skilnader på oss menneske som ikkje er viktige. For Gud vil at vi skal strekke oss etter å gjere hans vilje, leve reint, ærleg og forsonleg. Men vår kvalitet i dette arbeidet kvalifiserer oss uansett ikkje for hans rike.

Korvidt audmjukskap eller høgmot dominerer i eit menneskehjarte, sit i det indre, men syner seg i det ytre. For i den store likskapen vert alle skilnader borte: At vi alle er like langt unna å fortene Guds nåde.

Difor er vårt svar det vi lærer i messa:”Herre, eg er ikkje verdig til at du går inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert sjela mi lækt.”

Vel møtt til messe på sundag kl 11. Tema er: Høg og låg i Guds rike. Les Luk 14,1.7-11

Leave a Reply

Your email address will not be published.