Stemnehelg i St Olav

Det tradisjonsrike laurdagsseminaret i St Olav gjekk av stabelen siste helg i august. Dette året med Kjell Arild Pollestad som foredragshaldar. Den velkjende pateren tok oss med inn i bibelomsetjaren si verd: «Guds ord det er vår fedrearv – kampen om bibelomsetjinga».Pollestad er vel halvvegs i arbeidet med si bibelomsetjing der han tek mål av seg å levere ein norsk versjon som er meir rytmisk i dei poetiske avsnitta og mindre skjemma av modernisering i stil,  språkdrakt og innhald.

Ei velfylt kyrkje (med corona-avstand) fekk oppleve ein veltalande forfattar og omsetjar som gjorde arbeidet med grunnteksten interessant og forståeleg for tenkjande bibellesarar. Det heile krydra med utfall, innfall og kommentarar i mange retningar.

 

 

 

 

Under høgmessa søndag vart Erling Elias krismert av biskop Roald Nikolai. Som alltid er desse handlingane med salving og forbøn gripande opplevingar for både hovudpersonen og kyrkjelyden. Det nye medlemet i St Olav misjon vart grundig feira utover dagen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.