St Johannes Døyparen

Vi feirar St Hans komande sundag. På eksklusiv stad: Rødven stavkyrkje, Eidsbygda i Rauma.

Bål, pølser og rjomegraut har blitt vår tids midtsommar-markering. Namn har ho likevel etter profeten som vart fødd denne dagen: Jonsok og St Hans. Men når kyrkja har slutta å hevde si feiring, går det som det må: Feiringa misser sitt kristne innhald og berre folke-fantasien vert att.

Johannes er seks månader eldre enn Jesus, og når Frelsaren vert fødd ved årets lengste og mørkaste natt, vert døyparen fødd ved den kortaste og lysaste. For han skulle vitne om lyset som skal stige, medan han sjølv skal minke.

Døyparen Johannes er vegarbeidaren som ryddar veg for Herren. Det er så mange vegsperringar mellom menneske og Jesus. Den næraste krinsen kan stenge for utsikta.  For andre står tankemessige vanskar i vegen: Når dei ikkje kan forstå det uforståelege, ikkje sjå det usynlege og ikke gripe det ubegripelege, så snur dei ryggen til alt.

Difor trengs det Johannes døypar-disiplar til å snakke om vrengebilete, til å gi sjelesorg for tvilarar og hjelp til å skjelne.

Johannes er fyrst og fremst helgenen med den lange peikefingeren, som peika på Jesus. Denne radikale forkynnaren ropar alle dekadente slekter attende til Gud: «Vend om, for himmelriket er nær».

Messa i Rødven stavkyrkje startar kl. 12.

Leave a Reply

Your email address will not be published.