“Seiler på livets hav.”

Matt 8,23-27
Femte sundag etter epifania

Fiskarane på Gennesaretsjøen vekte Jesus då det storma som verst.

Den globale båten er i storm. Ustabilt ozonlag, sosial uro i kjølvatn av folkevandringar, utspekulert opprusting. Er det nokon i denne båten som bryr seg med å vekkje Jesus?

Kyrkje-skipet er i fare. Kyrkje-kamp slit i skroget. Folkets kyrkje står imot Guds. Mannskapet vil ta styringa. Menneske leikar skapar, vil konstruere barn og rekonstruere  ekteskap. Er det nokon i båten som vil vekkje Jesus?

Dei som omgåast Jesus, lærer når det er tid for å vekkje han. Naturkreftene sine herjingar og menneska sine eksperiment til tross – ingen er så trygg på ferda. Jesus er der også i mitt livs fjerde nattevakt.

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 11

Leave a Reply

Your email address will not be published.