![]() |
![]() |
|
Presten på Søndagsskulehuset
Ottar S. Myrseth: Eg er fødd i 1951, er utdanna cand. theol. ved Menighetsfakultetet i Oslo og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja av biskop Thor With i Sykkylven kyrkje i 1978. Eg var kyrkjelydsprest i Oslo og Spjelkavik samt stiftskapellan for biskopen i Molde i tilsaman 23 år.
Som leiar for Samråd på Kirkens Grunn følgde eg på nært hald kampen for å verne Den norske kyrkja sin åndelege og læremessige integritet, men gav til slutt opp det prosjektet og melde meg i 2001 inn i Den Nordisk Katolske Kyrkja. På Mikkelsmess det året vart eg innvigd til prest i NKK av biskop Taddeus Peplowski og fekk ansvar for eit misjonsarbeid i Ålesund. Sommaren 2006 vart St. Olav kyrkje som ligg i Hatlane i Ålesund, vigsla som vår kyrkje. Vi feirar messe kvar søndag. I tillegg vert både undervisningssamver og fellesskapsbyggande tiltak annonserte på vår heimeside og ved plakatar.
Eg har no mitt daglege arbeid som folkehøgskulelærar.
Adresse: Skåthaugkleiva 34, 6010 Ålesund Telefon: +47-70 14 79 28 mob: 988 76 761 E-post: osmyrseth@bluezone.no |
|
|||||