Oskeonsdag

Vend om og tru på evangeliet!

Oskekrossen, oskeonsdagen sitt merke er både Guds merkelapp og Guds verdimerking.
“Menneske, kom ihug at du er støv!” lyder det over alle som får merket i panna si. Våre dagar er talde. Vi lever under eit stadig memento mori. Difor treng vi å lære å telje våre dagar.

Men også denne krossen er merke for det som høyrer Gud til. Dei som lever med krossen, har verdifulle levedagar. Dei har ikkje tid å skusle bort, men veit at kvar dag er tid for å leve og å tene. Dei lever slik at det eigentlege livet ikkje går tapt i dragsuget av forgjengelegdom i denne verda. Dei som vender om, gjer det for å kunne tru på evangeliet. Dei vender seg til det livet som ikkje går med i dragsuget.

Vel møtt i kyrkja onsdag kl. 18.

Leave a Reply

Your email address will not be published.