Nytt kyrkjeemblem

Denne hausten har Den nordisk-katolske kyrkja fått sitt eige emblem. Symbolet med Lammet og sigersfana har fylgd kyrkja vår frå starten og finst i det noverande biskops-seglet. Emblemet er teikna av Else Karlstrøm Minde, med fagleg støtte frå Magne V. Kristiansen.

Sameleis vart slagordet vald tidleg og mange har blitt glade i det og opplever at det tydeleg identifiserer kyrkja sin identitet.

Vi er ei kyrkja som har oppstått i den vestlege tradisjon, med vestleg liturgi. Samstundes har vi overteke den visjon som ligg bak dokumentet “Vegen til einskap”, ein konsensus vokse fram av samtalar mellom gamal-katolske kyrkjer og ortodokse, at vår teologi både er nærslekta med og har sine røter i den austlege kyrkjetradisjon. ‘Vestleg liturgi og austleg teologi’ stemmer bra.

No gjeld det at vi tek emblemet og slagordet i bruk som logo og fane som både identifiserer oss og som samlar interesse for det DNKK representerer. Slagordet har også latinsk versjon: Pro Fide Ecclesiae Indivisae.

Leave a Reply

Your email address will not be published.